Historikk

I rute sidan 1919

Alt i 1919 kunne ein sjå rutebilen svinga seg langs smale, dårlege grusvegar mellom Sand og Suldalsosen. Det er dette året Suldal Kommunale Rutebilar startar si rike og livslange ferd. Varer og folk og fe vert frakta trygt fram i faste ruter. Rutebilane skapte liv i regionen, og dagleglivet vert etterkvart atskillig lettare for suldølen.

I takt med samfunnsutvikling auka også aktiviteten i Suldal, og som følgje av kraftutbygginga på Nesflaten i 1960-åra tek godstransporten seg kraftig opp. Aktiviteten i Suldal Billag vert gradvis utvida, og i 1966 startar den første godsruta frå Suldal til Stavanger.

Den aukande aktiviteten fører til at Suldal Kommunale Bilruter i 1976 vert omdanna til aksjeselskap med namnet Suldal Billag A/S.
På midten av 1970-talet får selskapet fleire nye løft. Ei ny stor kraftutbygging,; Ulla-Førre utbygginga, gir godstransporten eit nytt oppsving.
Likeeins skapar nye vegar i samband med kraftutbygginga og opning av Suldalsvegen frå Solheimsvik til Nesflaten i 1979 til ein auke i busstrafikken, både i skuleruter og ordinære bussruter.

 

Opninga av Suldalsvegen fører også til at Suldal Billag får ein langt lettare veg austover, og i 1980 startar Suldal Billag si satsing på langtransporten. Snart er også selskapet ein viktig samarbeidspartnar for store oppdragsgjevarar som Felleskjøpet, Tine Meierier og Rogaland Egglag. Den geografiske plasseringa til Suldal Billag gjer selskapet sine tenester interessante for brukarar frå store deler av fylket, og varer kan raskt og effektivt ekspederast både nord- og sørover i fylket.

hist03

På slutten av 80-talet går Suldal Billag inn i ei ny type verksemd som medeigar i Sør-Vest Reiser as. Reine turbussar vert kjøpte, og denne verksemda veks etterkvart til å bli ein viktig del av drifta i Suldal Billag. Også turkøyring i eigen regi vert aukar utover 90-talet.

Som del av ei omstrukturering vert selskapet tilført ny kapital i 2003. Aktiviteten blir splitta i fleire juridiske einingar, alle eigd av eit eigarselskap Suldal Billag Holding as. Dette selskapet er 100% eigd av Suldal Kommune.

Suldal Billag blei våren 2003 delt i følgjande selskap:
Suldal Billag Gods as
Suldal Billag Buss as
Suldal Billag Service as
Haugesund Varetaxi as
Suldal Transport as vert oppretta hausten 2003. Selskapet tok over aktiviteten på gods, og innlemma dei to godstransportselskapa i Suldal Billag med to selskap som vart kjøpt opp og overtatt i oktober 2003:
Haugaland Transport as og HSD Godsbil as.
Til saman danna desse 4 selskapa nyskapinga Suldal Transport.

Suldal Billag var fram til 2003 eigar av det som i dag er Suldal Billag og Suldal Transport. Frå 2003 til desember 2005 eksisterte navnet Suldal Transport. Frå desember 2005 vart Suldal transport solgt til ein eigar; GORM AS

Suldal Billag slutta også i 2005 med godstrafikk.

Frå 2005 har Suldal Billag i tillegg til å drive persontransport også hatt eigen bilverkstad. Suldal kommune eigde bedrifta fram til 2009, då selde dei alle aksjane til dagleg leiar Per Arne Fisketjøn (60 %) og Kapitor as som er investeringselskapet til Suldal Transport (40%)

Samstundes flytta billaget administrasjonen attende til Suldalsosen.