Pakkereise

Evert Taube Spelen 2017

Sverige, 14. jul 2017 - 17. jul 2017

Program

Bli med på ein 4-dagars tur til Sverige å opplev Taubespelen. 3 timar fyllt med allsang, god stemning og dyktige artistar sine eigne tolkingar av Taubes anerkjente og fengande viser.

 

Dag1:

Etter innsamling av reisande går turen over Haukeli og vidare til Seljord der me et turens første lunsj. Me køyrer vidare til Sandefjord der me sjekkar inn på Atlantic Clarion Collection Hotell. Ved ankomst får me servert kveldsbuffet på hotellets restaurant.

Dag2:

Dag 2 startar med hotellets frokost før avreise frå Sandefjord til Strømstad med Color Line kl.10.00. Me er framme i Strømstad rundt kl.12.30. Køyrer deretter til Nordbysenteret for litt handel. Etter nokre timar køyrer me ned til Stenungsund der me sjekkar inn på Stenungsbaden yacht Club spa hotell. Me får servert middag på hotellets flotte restaurant.

Dag3:

Tida etter frokost kan brukas slik ein sjølv ønsker fram til me et ein felles lunsj. Avreise frå hotellet ca.kl.13.00. Me ankommer Evert Taube spelen rundt kl.13.30/14.00.

Etter 3 timar fyllt med fantastiske viser og stemningsfull allsang forlatar me Taubespelet og Sverige å køyrer vidare til Halden, der me sjekkar inn på Thon Hotel. Me et ein felles middag på hotellets restaurant.

Dag4:

Me et ein god frokost før heimturen startar. Me køyrer til Seljord der me et ein siste felles lunsj etter det me håpar har vert ein innholdsrik og kjekk tur, saman med Suldal Billag.

Processed with VSCO with c7 preset

Processed with VSCO with c7 preset

 

Inkludert i pakken

Inkludert i prisen:

  • Transport
  • 3 overnattingar m/frokost
  • 4 lunsjar
  • 3 middagar
  • billettar til Taubespelen og Color Line.

Enkeltromstillegg: 800,-

Påmeldingsfrist: 12.mai 2017

Pris pr person: 6300,-
Processed with VSCO with c7 preset

Processed with VSCO with c7 preset

Booking

Fyll ut skjemaet under så tar vi kontakt!