Pakkereise

Guida dagstur til vakre Rosendal

Rosendal, 11. jul 2017 - 11. jul 2017

Me har gleden av å kunna tilby ein guida omvisning i vakre Rosendal, som ligg i utgangen av Hardangerfjorden omringa av nydelig natur og flotte fjell.

folgefond rosehage

Program

Guiden møtar oss i Odda og guidar oss gjennom flotte Rosendal.

Me besøker Folgefondsenteret. Eit heilt nytt senter med inspirerande og spennande interaktiv utstilling og filmar som skal fortelja oss historiar frå livet i fjorden, gje ny kunnskap om klimaet vårt og kva vise Folgefonna nasjonalpark byr på. Senteret har fokus på vatnet sin syklus på Jorda.

Me besøker også Skaalurensamlinga, som ligg i same bygg. Skipsbyggjarmuseet fortel om den lange tradisjonen ein har for trebåtbygging.

Etter besøket på Folgefondsenteret tar me ein god stopp for felles middag.

Etter middag besøker vakre Baroniet Rosendal, slottet mellom fjord, fjell og fossefall. Der me får ei guida vandring gjennom ulike stilepokar. Slottet er bevart som ein heim slik dei siste egarane forlot det i 1927. I den blå sal i slottet kan ein beundra noko av det eldste Meissen og kongeleg Dansk stråmønsterporselen som fins i Noreg. I den røde sal møtar ein synet av det vakre og storslagne i Norsk natur som er skildra av dei fremste norske landskapsmålarane frå nasjonalromantikken. Den gule sal er innreda i norsk empirestil, med noko av det mest verdifulle empire-møblementet i landet.

Slottet i seg sjølv er eit mektig syn, omringa av ein praktfull rosehage og med fjella i bakgrunnen. Hagen er bygd opp over fleire hundre år med skiftande stilretningar og motar innanfor hagekunsten. Her får me oppleva over 300-år med hagehistorie!

På heimvegen reiser me om Ranavik- Stord der me blir servert kaffe og lefse.

Returnerer så til avtalte plassar.

 

 

 

Inkludert i pakken

  • Busstransport
  • guide
  • 2-retters middag
  • inngong på attraksjonar/opplevelsessenter som beskrevet i turprogram
Pris pr person: 1500,-

Booking

Fyll ut skjemaet under så tar vi kontakt!