Pakkereise

Guida dagstur til Sjernarøy

Sjernarøy, 19. aug 2017 - 19. aug 2017

Me har gleda av å tilby guida dagstur til flotte Sjernarøy.

Program

Avreise med ferja frå Nedstrand kl.11.50. Det kjem ein guide å møtar oss på Helgøy ferjekai og guider oss over Helgøy, Nord-Talgje, Tjul og fram til den vakre renessansekyrkja på Kyrkjøy. Der får me eit lite kulturprogram om Sjernarøy fra gammelt av og fram til i dag. Guiden fortell, syng og spelar.

Turen går deretter vidare til Jorunn Øglænd på Sjernarøytunet der me får skikkelig sosekjøtt med kaffe og dessert. Etter desserten blir det litt lettare underholdning, guiden les litt frå Kolbjørn Hauges muntre stykker, finn fram trekkspill og torader, og så løsnar me litt på snippen. Kanskje lokkar me fram dansefoten og?

Videre går turen forbi Alfred Hauges barndomsheim, over Aubø og fram til landhandelen på Nesheim, der me strekk litt på beina å prøvesmakar lokale matvarer. Her kan me få kjøpa sesongens frukt og grønnsaker, lefser, potetkaker og anna heimbakst. Me har også ein honningprodusent som nærmeste nabo, så i honningsesongen kan me få kjøpe verdens beste honning!

Før heimreis blir det servert kaffe og heimebaka jødekaker på bryggekanten. Ferja går tilbake til Nedstrand kl.16.40.

Reiseruta frå haugalande:

Skudenes: ………………………………….kl.09.10

Åkrahamn: ………………………..………kl.09.30

Håvik bussterminal:…………..……….kl.09.45

Oasen bussterminal:………….………kl.10.10

Flottmyr: ……………………….….……..kl.10.25

Aksdal: ……………………………………..kl.10.45

Inkludert i pakken

  • Busstransport
  • Guide
  • middag med kaffe og dessert
  • underholdning
  • inngangsbilletter i kirken
  • lefser på kaien
Pris pr person: 1300,-

Booking

Fyll ut skjemaet under så tar vi kontakt!