Pakkereise

LOFOTEN – Midnattssolens land

Lofoten, 19. aug 2017 - 28. aug 2017

Bli med oss på ein minnerik tur til nydelige Lofoten (også kjent som midnattssolens land).

Ein tur med uforglemmelige naturopplevelsar, mektige fjell, djupe fjorder, skrikende sjøfuglkolloniar og lange, kvite strender.

På turen mot Lofoten får me  oppleva vårt flotte landstrakte land, med busstur gjennom variert natur, flotte fjell og fjordar.

Det blir mykje god mat og flotte opplevelsar.

Program

 

Dag1 – Haugesund – Gol

Våre bussar hentar dokken på avtalte plassar, før me startar turen mot vakre Lofoten.Turen i seg sjølv blir ein flott opplevelse då me køyrer gjennom vårt langstrakte land med variert natur, flotte fjell og fjordar.

Første stopp på turen blir ved Hardangervidda natursenter som er eit moderne natur- og kulturhistorisk opplevelsessenter. Tri etasjar med spennande utstillingar, dioramer, interaktive stasjonar, utradisjonellt akvarium, temavideoar og illustrerande plansjetekstar. Her et me ein felles lunsj før turen går vidare mot Gol og Pers Hotell, der me skal ha vår første overnatting. Eit flott feriehotell, med eit omfattande aktivitetstilbod. De kan eksempelvis tilby oss spa, badeland og bowling.

Middag på hotellet

pers-hotell

Dag2 – Gol – Ålesund

Etter ein god hotellfrokost startar me dagens etappe mot Ålesund.

På turen køyrer me igjennom Lærdal og gamle lærdalsøyri som er den eldste delen av bygdebyen. Her finn me trehusbebyggelsar som representerer eit av dei mest verdifulle bygningsmiljøene me har i landet vårt.

Me tar ein stopp innom Skei for felles lunsj.

Framme i Ålesund sjekkar me inn på Quality Hotel Waterfront.

Middag på hotellet.

laerdalsoyri

Dag3 – Ålesund

Startar dagen med frokost på hotellet.

Store deler av dagen går til fri disposisjon, før me møtes for felles lunsj i Ålesund sentrum. Her er det muligheter for shopping, besøke museum eller bare lena seg tilbake å nyte utsikten. Ålesund er byen der fjell og fjord møter hav.

Ut på ettermiddagen kan de som ønsker være med å besøke det populære utkikkspunktet Aksla, som ligg på toppen av Ålesunds Byfjell, der får me nydelig utsikt utover skjærgård, bysentrum og Sunnmørsalpene. Her kan ein ta valget om du ønsker spasere opp de 418 trappene eller ta bytoget.

Middag på hotellet

aksla-utkikkspunkt

Dag4 – Ålesund – Trondheim

Etter hotellets frokost startar dagens etappe mot Trondheim. Me følger Atlanterhavsvegen frå Molde til Kristiansund. Atlanterhavsveien er ein nasjonal turistveg som svingar seg elegant frå holme til holme over heile 7 bruer. Vegen i seg sjølv er ein opplevelse å få følge.

Me stoppar i Kristiansund for lunsj.

Framme i nydelige Trondheim by sjekkar me inn på Thon Hotel Gildevangen som ligg midt i hjertet av Trondheim sentrum, med korte avstandar til både shopping, restaurantar og attraksjonar.

Me et ein felles middag i Tyholdttårnet, som er ein roterande Egon restaurant i toppen av eit 120 meter høgt tårn. I løpet av ein time kan me sjå heile Trondheim by.

trondheim-by

Dag5 – Trondheim – Brønnøysund

Etter Hotellets frokost besøker me Norges Nasjonalhelligdom. Nidarosdomen blei påbegynt i år 1070 og er bygd på Olav den Helliges gravplass. Glassmaleri, skulpturar, fasade, interiør og historia bak gjer Nidarosdommen til noko spesiellt som ein bør få med seg. Etter besøket pakkar me oss i bussen igjen, å fortsetter ferden mot Brønnøysund.

I Steinkjer køyrer bussen over pionerbyggverket Måsørbrua. Det var den første trebrua som befann seg på ein europaveg, og det er den trebrua i verda som har størst trafikk. Det er også den første trebrua som er bygd med sving.

På vegen stoppar me innom Snåsa, for lunsj. Kanskje me får eit syn av sjøormen Kudulla som befinn seg i Snåsavatnet?

Då me køyrer gjennom Trolldalen kan me nyta fantastisk utsikt frå bussen. Her legges det opp til stopp dersom ein ønsker å ta bilder, eller bare beundra det flotte synet.

Framme i Brønnøysund sjekkar me inn på Thon Hotel.

Middag på hotellet.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Dag6 –Brønnøysund – Mo i Rana

Etter frokost besøker me den populære naturattraksjonen Torghatten, som er kjent for sitt karakteristiske hull som går rett igjennom fjellet (hullet er 160 m langt, 35 m høgt og rundt 20 m bredt). De som vil kan væra med å vandra ein liten tur med rolig gange opp og igjennom hullet. (ein tur på ca.30 min). Dette er ein tur med nydelig utsikt der me kan sjå Helgelandskysten på sitt flottaste, med hundrevis av små øyer.

Før avreise til Mo i Rana besøker me Hildurs Urterarium for omvisning, fortelling og felles lunsj. Eit 3 generasjoners livsverk full av personligheit og særegen atmosfære. Her kan me nyta fantastisk natur, smakfull mat og eit besøk i urtehagen, som har over 200 planter og er eit praktfullt syn. Hagen består av eigne avdelingar for maturter, madisinske urter, giftplanter og ein bibelsk hage.

På vegen mot Mo i Rana køyrer me innom den historiste sjøgata i Mosjøen, der me finn gamle hus som er godt ivaretatt, arkitektoniske perler, galleri, og museum.

Framme i Mo I Rana sjekkar me inn på Comfor hotel Ole Tobias.

Middag på hotellet.

torghattenurtehagen

Dag 7 – Mo i Rana – Lofoten

Etter frokost er det tid for turens siste etappe mot Lofoten.

I dag begir me oss ut på turens lengste etappe, då me skal forflytta oss frå Mo i Rana til Svolvær. Det legges derfor opp til hyppige pausar.

På vegen mot Lofoten stoppar me innom Polarsirkelsenteret som ligg 650m over havet i Svartisen nasjonalpark på Saltfjellet. Opplevelsessenteret består av suvenirbutikk, eige brevhus med polarsirkelstempel og russiske og jugoslaviske minnesmerker frå 2. verdenskrig.

Det blir ein lengre stopp i Engan for lunsj.

Me følger ferja frå Bognes til Løddingen. Ein strekning som tar rundt 60 min å kryssa. Her blir det ein god anledning til å stekke litt på beina og nyte turen til sjøs før ilandstigning.

Ved ankomst av Svolvær sjekkar me inn på Scandic hotell. Hotellet ligg midt blant spektakulært landskap og vakker natur på Laholmen som ligg rett ved Svolvær sentrum. Dette er byen som ligg under den kjente svolværgeita og blir sett på som Lofotens hovedstad, mykje på grunn av flotte fjell og lange kvite strender.

Middag på hotellet.

lofoten-svolvaerscandic-svolvaer-exterior-004

Dag 8 Lofoten

Napp – Vikten – Nusfjord – Sund

Etter hotellets frokost setter me oss i bussen å køyrer ein guida rundtur i vakre Lofoten. Me startar turen langs E10 gjennom Napptunnelen før ein stopp på Nappskaret for å få med oss utsikten frå toppen. Neste stopp er ved Vikten for å oppleve bygda som ligg i foten av marbakken. Her tilbyr de lokalprodusert keramikk og glasskunst. Me besøker brukskunstsenteret Glasshytta på Vikten, som ligg i le mellom steile fjell, og med storhavet rett ved. Her blir me møtt av ein guide som visa oss rundt. Me får i tillegg oppleva glassblåsershow.

Me besøker også Keramikktårnet, der det er muligheter for å kjøpe vakker brukstkunst eller slappa av med kaffe og heimebaka kaker.

Vikten seiest å væra Lofotens ytterside på sitt beste. Det er ein eksotisk opplevelse, enten det er på ein nydelig sommerdag eller ein stormfull vinterdag.

Me Køyrer vidare til det gamle og kjente fiskeværet Nusfjord, der det ligg godt til rette for å gi oss eit inntrykk av det historiske Lofoten i eit miniatyr. Nusfjord er eit av Norges eldste og best bevarte fiskevær, med lange tradisjoner fra Lofotfisket.

Når me ankommer Nustfjord blir me møtt av ein lokal guide som tar oss med rundt i Nustfjord. Som består av 46 sjarmerande rorbuer, to restauranter og mange forskjellige møterom, noko som gjer Nustfjord veldig attraktivt for turisme. Etter ein guida omvisning blir me servert lunsj på den lokale restauranten; Karolines restaurant. Etter ein god lunsj køyrer me vidare mot Flakstad, der den særegne kyrkja bygd av russetømmer, og med løkkuppel befinner seg. (Her er faste dager med sommerkonserter uka igjennom). Vidare kjem me til Ramberg kor folk frå heile verda ruslar langs den flotte stranda.

Køyrer vidare mot Sund der me besøker Sund Fiskerimuseum. Her kan me oppleva smijernkunsten på nært hold. For einkvar som har vokst opp langs kysten, vekker dunkingen fra museets båtmotorer minner frå tidligare tider.

Middag på hotellet

rambergnusfjord

Dag 9 Lofoten

Svolvær -Kabelvåg – Henningsvær

Etter ein god frokost på hotellet er det tid for vandring blant Svolværs mangfold av butikkar Seinare set me oss i bussen for ein guida rundtur også idag. Me må jo oppleva endå meir av kva flotte Lofoten har å by oss.

Me følger E10 mot middelalderbyen Kabelvåg. Her besøker me Lofotkatedralen som er ei av Norges største trekyrkjer, som blei bygd for fiskerane under Lofotfisket. Tettstaden Kabelvåg har bevart mykje av sin eldre arkitektur. Me et lunsj i Kabelvåg før me køyrer vidare til Storvågan, der me blir servert Lofotens historie gjennom museum og gallerier.

Etter besøket på Storvågan køyrer me til Henningsvær, som hadde dei naturgitte forutsetningane for å bli eit knutepunkt for Lofotfiske. Med fjell i ryggen og omgitt av havet på tri sider. Henningsvær er noko heilt unikt, mykje på grunn av kombinasjonen av eit aktivt, levande miljø og ein godt bevart bebyggelse.

I Henningsvær finn me både rorbuer, fiskehjeller, fiskebruk, havn, galleri, kunsthandverk og mykje meir.

Returnerer etter dette tilbake til hotellet der me blir servert middag.

kabelvaglofoten-museum

Dag 10 Svolvær – Haugesund

Så var siste dag ankommen. Etter ein siste frokost er det tid for å reisa frå vakre Lofoten etter ein uforglemmelig tur gjennom nydelige omgivelsar, variert natur, flotte fjell og fjordar.

Bussen fraktar oss frå hotellet til Evenes flyplass. I Haugesund står det bussar klare for henting og levering til avtalte plassar.

Inkludert i pakken

  • busstransport
  • flybillett
  • reiseledar
  • full pensjon (- lunsj & -1 middag siste dag av turen)
  • 3 overnattingar på Scandic Svolvær
  • 1 overnatting på Clarion Hotell, Mo i Rana
  • 1 overnatting på Thon Hotel Brønnøysund
  • 1 overnatting på Thon Hotel Gildevangen, Trondheim
  • 2 overnattingar på Quality Hotel Waterfront, Ålesund
  • 1 overnatting på Pers Hotel, Gol
  • lokal guide i Lofoten
  • inngong på attraksjonar og opplevelsessenter som beskrevet i turprogrammet

 

Tillegg for:

  • enkeltrom: kr 3215,-
Pris pr person: 18.700,-

Booking

Fyll ut skjemaet under så tar vi kontakt!

Spørsmål?

Kontakt Beate Klungtveit

52 79 04 00 / 455 06 625

Beate Klungtveit

Beate Klungtveit

Kontorledar/turplanleggar

"