Pakkereise

Nasjonal Turistveg tur til Indre Ryfylke (Tur 2)

Sauda og Suldal kommune, 15. aug 2017 - 16. aug 2017

Bli med på ein to dagars rundtur i Indre Ryfylke å opplev nokon av Sauda, Røldal og Suldal sine flottaste arkitektoniske bebyggelsar.

hosebru energi kirke

Program

Dag 1

Dag ein besøker me attraksjonar som Svandalsfossen og Åbøbyen (Americabyen) før omvisning i Allmannajuvet, som er eit museum av eit nedlagt gruveanlegg som var i drift frå 1881 til 1899. Dei enkle bygningane i juvet er laga i ein industriell byggetradisjon som skal huse forteljinga om gruvene. Anlegget består av et visningsbygg, kafébygg, og toalett. Gjennom ein krevande prosess har arkitektar, ingeniører og andre fagfolk bidratt til eit særpregent arkitektonisk verk med utradisjonelle løysningar og kompromissløse krav til nøyaktighet.

Me køyrer vidare over Røldalsfjellet for å besøke Røldal Stavkyrkja, for ein guida omvisning. Vidare køyrer me til Nesflaten for overnatting på Energihotellet, eit lite og intimt familiedrevet designhotell. På hotellet blir me servert 3-rettars middag basert på lokale råvarer.

Dag 2

Dag to startar med eit besøk på All verdas gåver og bruksting på Nes, før me køyrer vidare mot Suldal der me tar ein stopp innom Kolbeinstveit. Kolbeinstveit er ein levande museumsgard med dyr og vertskap som tek i mot oss. På Sand besøker me Høsebru, ei verdenskjent gangbru over Suldalslågen teikna av Rintala Eggertsson Arkitekter AS. Me avsluttar turen med lunsj på Sand, før me returnerer til avtalte plassar.

Reiseruta:

Utåker:……………..……kl.07.45

Husnes:………………….kl.08.05

Rosendal:………………..kl.08.30

Odda:………………..……kl.09.30

Etne:………………………kl.10.45

Haugesund:..…………..kl.10.00

Aksdal:……………………kl.10.15

Knapphus:………………kl.10.35

Ølen:………………………kl.10.55

Sandeid:………………….kl.11.05

 

Ta kontakt ved interesse! Me kan skreddarsy opplegget for di gruppa eller forening.

 

Inkludert i pakken

  • Busstransport
  • guide
  • Overnatting på Energihotellet inkludert frokost
  • 2-retters middag
  • lunsj dag 1 og dag 2

Enkeltromstillegg: kr 330,-

Pris pr person: 3300,-

Booking

Fyll ut skjemaet under så tar vi kontakt!